OnarTun

Malene Kristine opna OnarTun med bunadskniv

Det var heilt hemmeleg til det siste. Dottera til Gerhard Meidell Alsaker visste ikkje ein gong sjølv at ho skulle få det ærefulle oppdraget som «snorklyppar» på OnarTun.

Mor, far, veslebror og hundrevis av gjestar følgde spent med, då Malene Kristine fiska fram bunadskniven frå slira og kutta sløyfa som markerte endeleg opning av OnarTun.

22. juni 2017 vil gå inn i historia som ein merkedag på Onarheim og resten av Tysnes.

Det må vera lov å tenkja store tankar, sjølv om ein bur i ei lita bygd. Med realisering av OnarTun har samfunnsbyggjar Gerhard gitt ei historisk moglegheit og eit unik tilbod til bygda Onarheim og Tysnes-samfunnet, sa konferansier Magne Storesætre under opningsseremonien.

Mor Esther første frisørkunde

Litt tidlegare på dagen, presis klokka 12, rulla gitteret opp for den nye Jokerbutikken. Til applaus frå dei mange kundane som stod og venta utanfor. Andre sette seg ned og åt gratis soft-is og bollar på torget. Inne i frisørsalongen til Marit Gunn Dalland sat Esther Alsaker. Ho fekk æra av å vera den første kunden i dei flunkande nye massasjestolane.

Eg har teke drosje til Våge i 30 år for å gå til frisøren. Det er veldig kjekt at me har fått frisør her på Onarheim, sa Esther Alsaker.

«Fantastisk for Tysnes»

Ute på torget hadde Solveig Skaten og Magny Lie kapra Gerhard for ein prat. Dei to damene var imponert over det nye senteret.

Me kom 15 minutt før opninga. Då bar dei framleis ut på plankar, så kjem me inn her og får sjå ein flunkande ny og flott butikk. Me er heilt overvelda, sa damene.

Anne Knutsdotter

Også Morten Helland frå Flatråker hadde teke turen til Onarheim for å kosa seg med bollar og kaffi og ikkje minst fylla billeg drivstoff på tanken.  Han kunne fortelja at frå gammalt av hadde Flatråker meir tilknyting mot Onarheim.

Med det nye senteret vil det bli oftare turar til Onarheim. Dette er heilt fantastisk for bygda og for heile Tysnes, sa Helland.

Etter at folk hadde fått handla og kost seg med mat og drikke, starta sjølve opningsseremonien i lett duskregn. Endeleg var det tid for å oppsummera, takka, overrekkje blomar og helsingar. Mange hundre menneske hadde samla seg på plassen utanfor OnarTun idet Onarheim Musikklag spelte opp med «Anne Knutsdotter». Frå podiet song Lise Skjåk Dalen med klår og vakker røyst.

Sju nærbutikkar

Så var det Gerhard sin tur til å halda tale.

Nokre har gjerne registrert at underteikna har hatt problem med å få utgiftene til å strekkja til i det siste. Eg kan då opplysa om at OnarTun har hjelpt veldig godt til i så måte, sa lakseoppdrettaren medan publikum humra, vel vitande om at Alsaker-konsernet fekk eit rekordresultat i 2016.

Arbeidet med OnarTun starta opp i september 2013, og både reguleringsprosess og bygging har vore ein langdryg affære med mange firma og konsulentar involverte.

Gerhard brukte difor god tid på å takka og overrekkje blomar til alle aktørane. Først internt tilsette, så alle konsulentane, deretter entreprenørane og underleverandørane. Også naboar som har budd nær byggeplassen og representantar frå dei gamle bygdebutikkane fekk blomar.

Eg har handla på sju nærbutikkar på austsida. Då eg køyrde på moped, var det heile seks butikkar på denne sida, sa Gerhard i det han overrekte blomar til dei som hadde drive butikkane før i tida.

Pengegåve til skule og barnehage

Representantar frå skule og barnehage fekk også overrekt blomebukett og kvar sin konvolutt.

Det har vore godt samarbeid heile vegen med både skule og barnehage. Me veit at det har vore litt utfordringar med av og på stiging samt parkering i den perioden bygginga har stått på, sa Gerhard.

Kva som var oppi konvolutten blei først avslørt i lokalavisa nokre dagar etterpå. Der låg 100.000 kroner kvar til barnehage og skule.

Også ordførar i Tysnes Kommune Kåre Martin Kleppe ville ha mikrofonen og seia nokre ord på denne festdagen på Onarheim.

OnarTun står som eit monument i bygda og som eit monument over den samfunnsbyggjaren Gerhard har utvikla seg til å bli. Senteret her står i samanheng med utbygging av ny hamn, byggjefelt og leilegheiter på Onarheim, sa Kleppe.

Dagen blei avslutta med flott konsert med skulebarn og kulturskuleelevar. Mange nytte også høve til omvising i leilegheitene på OnarTun.

Leikerom og squashbane

Etterkvart vil det koma nye tilbod på OnarTun. På treningssenteret vil du finna spinningsyklar, treningsapparat, badstu og til og med ein squashbane!

Også barna får ein stad å boltra seg på. Eige leikerom er planlagd mellom treningssenteret og daglegvarebutikken. Utanfor er det drivstoffanlegg og ladestasjon for el-bilar.

Arkitekten sin visjon

Det er arkitekt Lars J. Berge i firmaet LJB AS som har teikna det nye bygdetunet. Han har arbeidd i snart seks år med prosjektet, og heva blomebuketten i rein glede over at OnarTun endeleg er opna.

Utfordringa har vore å plassera eit ganske ambisiøst romareal på ei lita tomt i ei lita bygd, utan at det skal sjå ut som om eit storsenter har landa midt i bygda. Visjonen har heile tida vore å byggja eit knutepunkt på austsida av Tysnes, som kan romma alt ein ønskjer seg av eit bygdesenter, sa Berge.

Gardsnamn frå Onarheim

Dei fire bustadbygga har fått namn etter fire av gardane på Onarheim – Brynjelståvo, Rasmusståvo, Vermundståvo og Jensaståvo. Desse har innkøyring frå Sarabrekko (Fylkesveg 79). Husa er bygd med ein til tre etasjar oppå næringsarealet som ligg på bakkeplan med innkøyring frå Onarheimsvegen (Fylkesveg 78). Det er 15 større husvære og seks små, som er frå 24 til 134 rutemeter store. Fleire av dei med takterrasse og flott utsikt mot Onarheimsfjorden.

Leilegheitene skal etter kvart leggjast ut for sal, men det blir også høve til å leiga på kort- og lengre sikt.

Tekst og foto: Lena Vermedal

Publisert: 04.07.2017

Følg OnarTun på Facebook

Har du spørsmål om OnarTun kan du kontakta:

Prosjektleiar: Ivar Rykkje. Mobil: 99 21 01 17. Epost: ivar.rykkje@fjordbruk.no

Kontaktperson for kjøp eller leige av leilegheiter:

Jannike Alvær Lie. Mobil: 41 53 53 67. E-post: jannike.lie@los.as

DSC01815
DSC01739 kundene strøymer på
DSC01773
DSC01778
DSC01785
DSC01791
Konsulentene
DSC01798
DSC01809
Gerhard og ordførar Kåre Martin Kleppe
DSC01819
Elise Dalen synger Månemannen