OnarTrim

Topp moderne treningssenter

Slå eit slag squash, trø i vei på trimsykkelen, pump vekter eller spring avgarde på tredemølla! No kan du gjera alt dette på OnarTrim og ta handelen på OnarTun etterpå.

OnarTrim er eit sjølvbetjent treningssenter på Onarheim med topp moderne fascilitetar. Squashbane, spinningsyklar, tredemøller med fjernsyn og alle slags styrketreningsapparat og vekter. Ved hjelp av ein App og avlesing av Qr-kode, kan ein få råd om trening tilpassa den einskilde person.

Senteret opna dørene i desember 2017 og vil førebels vera opent i OnarTun sine opningstider, klokka 08.00-19.00 på kvardager og klokka 09.00-18.00 på laurdagar.
På måndagar frå klokka 17-19 vil det vera ein kontaktperson til stades som kan veileda og svara på spørsmål.

I desember 2017 er det gratis for alle å trena på OnarTrim!

Det vil koma utvida opningstider og meir informasjon om pris på medlemskap etterkvart.