Kyrkjefjellet

Vil du ha ein passeleg treningstur eller ein kjekk tur med ungane? Då er Kyrkjefjellet toppen for deg.

Frå parkeringsplassen på Skaret kan du gå tur til Kyrkjefjellet som ligg på austsida av vegen. Ein god traktorveg fører deg opp til furuskogen. Det er berre å gje gass i motbakken viss du vil ha pulsen opp.

Vel oppe i furuskogen har dei lokale turentusiastane Jan Kåre og Rigmor Fotland sytt for praktiske trekloppar, slik at ingen skal trø i myra og bli våt på beina. Stien buktar seg mellom furuleggane og små steinsette trappar fører deg stadig høgare mot toppen. På vegen må du gå gjennom «Yazzo portalen» og vidare inn i trollskogen. Der ønskjer små, smilande troll velkomen til store og små.

Vel oppe på toppen kan du gå til to utsiktspunkt som er skilta med «Benk I» og «Benk II». Ved den første benken kan du nyta utsikta mot Onarheimsfjorden i sør og Bjørnafjorden i nord. Hugs å skriva namnet ditt i turboka, som på finurleg vis er skjult i ein boks under benken.

Vil du gå vidare til Tuvefjellet, er det berre å følgja skiltinga mot «Benk II». Stien går over den vesle varden på Kyrkjefjellet og ned i ein dal. Der kan du gå attende til parkeringsplassen ved Skaret eller følgja merkinga vidare over myra og opp mot Tuvefjellet.

God tur!

Tekst og foto: Lena Vermedal