Salsborgjo

409 m.o.h. Cirka 40-60 minutt opp

Det er merka sti til Salsborgjo litt nord for Skjeljavik. Ikkje så langt frå Hodnanes i retning Onarheim på fylkesveg 78. Parkeringsplass på motsett side av der skiltet står og stien til Salsborgjo starter.

Stien starter opp den litt bratte og svingete Setrabrekko. Litt oppi brekka finn ein Kvilene (fire oppmura steinseter). Her stoppa budeiene på veg oppover før i tida. Det er fortsatt mogleg å drikke av ei lita kjelde som ligg rett ved steinsetene. Stien vidare går gjennom skog. Det er variert terreng oppover. Når ein nærmar seg toppen, går ein forbi Salsborgtjødno. Ein idyllisk plass. På toppen, 409 m.o.h. , er det flott utsikt til alle kantar. Ikkje gløym å skrive namnet i boka som ligg i varden.

Det er merka sti til Øykjafjellet dersom ein skulle ynskja å gå på fleire flotte toppar.

God Tur!

Tekst og foto: Kjersti M. Skaten