Vasstøl

Fossane

For å kome til Vasstøl er det greit å parkere på Skaret, ved fylkesveg 78 mellom Lunde og Nymark . På høgre side når ein kjem frå Lunde.
Turen tek ca 30 min i “rusle-tempo” på traktorveg heilt opp. Undervegs går ein forbi Fossane. Eit flott skue, særlig ved mykje nedbør.

Me går mykje gjennom granskog, men det er til tider flott utsikt mot kvinnheradsfjella og mot Ølve.

Ved Vasstøltjørna er det benker, bord og grill som ein kan nytta.

Ikkje gløym å skrive deg inn i “besøksboka” som ligg i postkassen på ein granlegg.

Skulle ein ynskjer å gå vidare, så er det høve til det. På andre sida av vatnet er det skilta mot Hovlandsnuten og Såta. Dersom ein ikkje vil gå så voldsomt mykje lenger, kan ein fylgje skiltet mot Såta og gå opp Idlekleiv.

Flott utsikt der og då er ikkje vegen lang bort til Ådnastegen.

 

God tur!