OnarHamn

Ei av dei flottaste gjestehamnene på Vestlandet!

På vakre Onarheim på austsida av Tysnes ligg OnarHamn – ei kombinert nærings- og gjestehamn ved Alsaker Brygge.

Nær 500 meter med solide flytebrygger i betong er lagt ut. Hamna har 85 båsar der ein del er avsett til næringsformål medan resten vil vera til utleige og gjestar.  Det er også planlagt servicebygg på kaien samt bunkringsanlegg, men det står ikkje klart enno. Sløyebenk, vatn, straum og gratis tilgang til internett er alt på plass.

Frå Alsaker Brygge er det berre 400 meters rusletur opp til OnarTun – det nye senteret som opnar sommaren 2017. Der er det 1500 kvadratmeter med daglegvare, treningssenter, squashbane med meir.

På bryggene står bord og benker klare for folk som vil trivast i hyggeleg lag. Det er berre å setja tampen i land!

Sjå video av innseglinga til OnarHamn her.

Velkomen skal de vera!

Ved spørsmål kontakt hamnesjef Åge Enes på mobil: 96 50 02 10