Valberg

Vil du ha utsyn over det meste av Onarheimsbygda, må du ta turen til Valberg. Turen opp tek rundt ein halv time i jamt tempo.

Du kan gå opp frå fylkesveg 79, rett nedom brua austanfor Onarheimsvatnet. Stigen er skilta opp frå vegen rett ved ein bekk som kjem ned lia. Hald til høgre oppover – dette er ikkje ein merka turstig, men det er stort sett lett å sjå kvar vegen går. Det er litt myrlendt, og sjølv om det er lagt ned tømmerstokkar ein kan gå på over dei fuktigaste partia, er det lurt å ha gode sko, evt. støvlar. Elles er det spennande skogsterreng forbi ein gammal mur og rundt om rotvelta tre.

Rett før stien byrjar å halle nedover att, må du ta opp til venstre for å koma opp til sjølve Valberg. Passerer du ein stor, ljosgrå stein på venstre sida av stien, har du gått for langt. Da må du gå 20 meter attende og ta av oppover berget.

Oppe på toppen er det berre å ta fram nista og nyte utsikta over Onarheimsgardane, fjorden innover mot Rosendal og utover mot Stord. Det er også gøymt ein «geocache» ein stad på toppen, for dei som er interesserte i det.

Som alternativ veg ned att kan ein gå der stien oppover byrjar å halle ned att – forbi den store, ljosgrå steinen. Da kjem ein ned att gjennom skogen, over eit gjerde og ned til eit jorde på øvre Onarheim.

Tekst og foto: Lise Skjåk Dalen