Solheimsdalen

Solheimsdalen er innfallsporten til Tysnesfjella. Herfrå kan du nå dei høgste fjelltoppane på øya, både til fots og på ski vintersdagen.

Det er gull verdt å ta ein tur i skiløypa i Solheimsdalen. Køyr fylkesveg 79 til skilt mot Solheim. Ved enden av vegen er det parkering. Derifrå er det flotte preppa løyper med lys frå parkeringsplassen og i skiløypa til langt på kveld – så lenge snøen varer. Er du heldig får du kanskje ein kopp kaffi, buljong eller kakao óg.

Det er også høve til å gå til Grovatnet, og vidare til Tysnes sin høgste topp, Tysnessåta 753 m.o.h.

God tur!

Video: John Tye