Ei av dei flottaste gjestehamnene på Vestlandet!
På vakre Onarheim på austsida av Tysnes ligg OnarHamn – ei kombinert nærings- og gjestehamn ved Alsaker Brygge.
Nær 500 meter med solide flytebrygger i betong er lagt ut. Hamna har 85 båsar der ein del er avsette til næringsformål medan resten er til utleige og gjestar.
Det er tilgang til servicebygg med toalett, dusj og vaskemaskin. Sløyebenk, vatn, straum og gratis tilgang til internett er alt på plass.
Badestove og stupetårn
På kaia finn du ei sjølvbetent badestove til fri bruk for hamnegjestar. Frå benken har du utsyn over Onarheimsfjorden og fjella rundt, og steget ut i sjøen er kort.
Det er stupetårn på 3 og 5 meter.
Nær til alle fasilitetar
Frå Alsaker Brygge er det berre 400 meters rusletur opp til OnarTun – senteret som opna sommaren 2017. Der er det 1500 kvadratmeter med daglegvare, treningssenter, squashbane med meir.
På bryggene står bord og benker klare for folk som vil slå seg ned i hyggeleg lag. Det er berre å setja fast tampen i land!
Merk: Bunkringsanlegget er for tida ute av drift grunna anleggsarbeid.
Velkomne skal de vera!









