Onarheimsvatnet

Langs Fylkesveg 79 like ovanfor Onarheim ligg Onarheimsvatnet – ein idyll for padling, bading og friluftsliv.

Vatnet, som er den nedste innsjøen i Onarheimsvassdraget, ligg 112,5 meter over havet og har eit areal på 0,27 kvadratkilometer. Der kan du padla i vakker natur mellom vassliljer og små øyer. Eller hoppa uti og ta eit forfriskande bad.

Langs vegen har Onarheim Bygdalag tilrettelagd med lavo, bord og benkar og utleige av kano. Det er også høve til å fyra opp i grua og laga middagen i det fri. Du finn informasjon på tavla om sjølvbetjent utleige av dei tre kanoane.

Det er også fint å gå tur langs vatnet. Følg skogsvegen som går inn ved brua på austsida av vatnet. Derifrå kan du gå heilt til Solheimsdalen og Vattedal.

God Tur!