OnarTun

OnarTun – eit samlingspunkt i bygda

Senteret opna i 2017 og har frå starten av vore eit samlingspunkt for bygdafolk og tilreisande på austsida av Tysnes. Den flotte Joker butikken byr på daglegvare av alle slag og har i tillegg ei rikhaldig krambu og Post Nord tenester.

Inne på OnarTun kan ein fort blir lokka bort i kaféen til ein kaffidrøs med naboar og kjenningar og la seg freista av softis, kaffi og fersk bakverk. Medan dei vaksne tek seg ein velfortent pause i kaféen, kan barn leika på leikerommet ved butikken.

OnarTun har også eit flott flygel som blir brukt ved konsertar og feiringar. Det er høve til å leiga lokalet til ulike arrangement.

På OnarTun er det også tankanlegg for bensin, diesel og el-billadar. Det er pantestasjon og miljøstasjon for både avfall og brukte klede/sko.

OnarTrim ligg vegg i vegg med butikken og er eit topp moderne treningssenter med spinningsyklar, squash-bane, treningsapparat og dusj/garderobeanlegg.

Informasjon om medlemskap og nøkkelkort finn du her.

Treng du ein plass å bu kortvarig eller langvarig, finst det motellrom for utleige. Kontakt Nadine Meineke-Kucharski på telefon 48 07 83 04, eller på e-post: nadine.kucharski@fjordbruk.no

OnarTun drivstoff