Blåbærhaugen

Opp ein bratt bakke, rundt ein sving, gjennom ein skog, over ei elv og opp den siste kneika. Der finn du Blåbærhaugen 297 m.o.h.

Frå parkeringsplassen på vegen mot Storesætre går ferda på gruslagt autostrada til fjells. Her kan mosjonistar, joggarar, familiar med barnevogn og til og med folk med rullator koma seg til fjells. Heilt utan å bli våt på beina!

På toppen ventar bugnande blåbærlyng, klatrefuru for barna og ikkje minst utsyn over Onarheimsfjorden og dei vakre Kvinnheradsfjella. Det er berre å setja seg ned og nyta utsikta, medan pølsene varmar seg over bålpanna.

Er du heldig kan du til og med få oppleva nordlyset som dansar over nattehimmelen ein sein haustkveld. Eller kanskje er du ein tidleg morgonfugl som får sjå sola stå opp og farga fjorden til gull.

Gløym ikkje å skriva deg i turboka! For kvar turgåar som registrerer seg i boka sponsar Alsaker Fjordbruk AS 10 kroner. Pengane går til Onarheim Idrettslag som vil nytta dei til miljøtiltak kring Onarheim skule.

God tur!

Følg oss på Facebook

blabaerhaugen-i-september-2016_-foto-john-tye