Vegen opp til masta på Barmahovda startar ved fylkesveg 78, på toppen før ein køyrer ned til Espevik. Ein kan parkera her, eller forlenge turen ved å parkera ved kaien i Espevik, eller ved hyttefeltet på Nyborg.
Turen opp tek 15 – 20 minutt med normal gange, og går på ein delvis attgrodd skogaveg. Vegen opp skiftar mellom bratte og lette parti, og passer godt for store og små.
På toppen har ein fin utsikt mot Onarheimsfjorden, og mot Seløysundet og Husnesfjorden. Det ligg bok på toppen, i ein boks under transformator-bygget.
God tur!