Øykjafjellet

368 m.o.h. Cirka 40-50 minutt opp.

Stien til Øykjafjellet er greiast å finna dersom ein parkerer ved kalkomnen i Flakkavågen ved fylkesveg 78. Her er det skilt i vegkanten og tydeleg sti oppover mot Skateskaret.

Ein fortset vidare til venstre på merka sti mot Øykjafjellet. Dersom ein går rett fram frå Skaret, kjem ein inn til Ramsdalsvatnet og Ramsdalen. Her var det gard mange år tilbake. Ein kan framleis sjå murar etter hus der.

På Øykjafjellet er det flott utsikt til bla. Tysnessåto og Rosendal. Hugs å skriva deg inn i boka som ligg i varden.

Dersom ein ynskjer det, er det høve til å gå vidare til Salsborgjo på merka sti. God tur!

Tekst og foto: Kjersti M. Skaten